Dorothea Wierer (fødd 3. april 1990) er ein italiensk skiskyttar frå Rasen-Antholz i Sør-Tirol. Ho vann verdscupen i skiskyting 2019 og vart verdsmeister i 12,5 km fellesstart under VM i skiskyting 2019 i Östersund. Åra 2013-19 sanka ho også to VM-sølv, tre VM-bronsar og to OL-bronsar, fordelt på ulike individuelle øvingar og stafett-tevlingar.

Dorothea Wierer


Statsborgarskap Italia
Fødd 3. april 1990 (34 år)
Bruneck
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Mixed stafett, Skiskyting under Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Aktiv endre

Wierer gjekk startetappen for Italias lag som tok bronse i kvinne-stafetten under VM i skiskyting 2013 i Nové Město, to år seinare var ho ankerkvinne då dei italienske kvinnene vann ein ny stafett-bronse ved VM 2015 i Kontiolahti. I mellomtida hadde ho vunne endå ein bronsemedalje, då ho under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok seg av ein etappe for Italias mannskap på mixstafetten. Individuelt i Sotsji vart ho som best nummer 6 i 7,5 km sprint. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo sikra Wierer seg sølvmedaljen på jaktstarten. Wierer og Italia vann bronsen på mixstafetten ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang, nett som i dei forrige vinterleikane. Frå VM i skiskyting 2019 i Östersund reiste Wierer med medaljar i alle tre valørane. Fyrst fekk ho bronse med Italias mannskap i mixstafetten, der etter tok ho og Lukas Hofer sølvmedaljen i parstafetten, slått av Noreg, før ho avslutta meisterskapen med å vinne gullmedaljen på fellesstarten.

Wierer vann sitt fyrste renn i verdscupen i skiskyting då ho gjekk til topps på normaldistansen i Östersund 3. desember 2015. VM-sigeren same stad var hennar sjuande individuelle triumf i verdscupen. Pr 20.3.2019 har ho oppnådd 28 (7-11-10) pallplasseringar i individuelle verdscuptevlingar. Med italienske stafettlag står ho bokført med 17 (4-5-8) pallplassar.

Kjelder endre