Douglas Bay Horse Tramway
Douglas Bay Horse Tramway er ei hestesporvogn som fungerer som offentleg transportmiddel i Douglas, hovudstaden på Isle of Man. Ho har eit rutenett som går frå den sørlege terminalen ved Victoria-piren til den nordre terminalen ved Derby Castle. Dette er ei strekning på om lag tre km som stort sett går langs sjøfronten. Sporvidda er 914 mm, og ruta er dobbeltspora mesteparten av strekninga.
Hestesporvegen vart teken i bruk i 1876 og har, bortsett frå ei kort tid under andre verdskrigen, vore i trafikk etter det. Sidan 1927 har sporvegen berre vore brukt i sommerhalvåret.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Douglas hestesporvei» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2018.