Øya Man
| |||||
Motto: Quocunque Jeceris Stabit | |||||
![]() | |||||
Offisielle språk | Engelsk, manx | ||||
Hovudstad | Douglas | ||||
Styresett Lord of Mann
Viseguvernør Sjefsminister |
Monarki Elizabeth II Adam Wood Howard Quayle | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
572 km² 0 % | ||||
Status | Biland | ||||
underlagt Storbritannia | 1765 | ||||
Valuta | Man-pund (likestilt med britisk pund) | ||||
Nasjonalsong | «Arrane Ashoonagh dy Vannin» | ||||
Nasjonaldag | Tynwalddagen, 5. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +44 |
Man (engelsk Isle of Man; manx Ellan Vannin) er ei av Dei britiske øyane og ligg i Irskesjøen. Øya er sjølvstyrande, men høyrer òg direkte inn som ein eigedom under den britiske krona. Såleis er ikkje Man med i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Historie Endra
Man er eit tidlegare norsk skattland. Frå om lag år 700 til år 900 var Man eit vikingkongedøme. Man var lagt under kongen av Noreg fram til 1266, då Skottland tok over øya. Ho kom under den britiske krona i 1765.
Kultur Endra
Innbyggjarane øya er prega av dei keltiske og norrøne røtene sine, i tillegg til langvarig engelsk påverknad, noko ein mellom anna kan sjå på musikken der.
På Man har ein i tillegg til engelsk snakka språket manx, som er eit keltisk språk. Den siste talaren av manx døydde i 1974, men ein prøver no å vekkja språket til live att.
Politikk Endra
Man er eit demokratisk monarki med dronning Elisabeth II av Storbritannia som statssjef eller «Lord of Mann». Dronninga er representert på øya av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er parlamentet Tynwald, som har to kammer. Tynwald vedtek lover og fører tilsyn med indre saker, skattepolitikk og sosialpolitikk. Eksterne tilhøve, som forsvar og representasjon i utlandet, vert styrt av britiske styresmakter. Man svarar ei årleg godtgjersle for desse tenestene.
Anna Endra
- Manxkatten er ein kjend halelaus katterase som stammar frå Man
Kjelder Endra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2022) |
Bakgrunnsstoff Endra
- Isle of Man
- Tynwald (Parlamentet)