Doversundet

(Omdirigert frå Doverstredet)

Doversundet er den smalaste delen av Den engelske kanalen, om lag 31 km brei. På engelsk heiter sundet Strait of Dover etter Dover på den engelske sida, og på fransk pas de Calais (Calais-sundet) etter Calais på den franske sida.

Kart som viser Doverstredets plassering. Avmerket som Strait of Dover.

I kalksteinsfjellet under Doversundet ligg Kanaltunnelen, ein jarnbanetunnel mellom Folkestone i England og Calais i Frankrike som knyt jarnbanene i England til jarnbanenettet på det europeiske kontinentet.