Dråpen i Havet
Dråpen i Havet er ein humanitær hjelpeorganisasjon, som vart starta av Trude Jacobsen i 2015. Utgangspunktet var eit stort behov for hjelp til båtflyktningar som kom sjøvegen til Lesvos og andre greske øyar i Egeerhavet mellom Tyrkia og Hellas.[1] Jacobsen mobiliserte i starten frivillige i Noreg. Ni år seinare er organisasjonen prega av internasjonal deltaking av frivillige frå over 70 land.[2]
Dråpen i Havet | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 915990347 | ||
Skipa | 2015 | ||
Nettstad | https://drapenihavet.no |
Dei første åra deltok frivillige i stor grad med å ta imot og hjelpe båtflyktningar når dei kom til land. Etterkvart har arbeidet blitt sentrert til flyktningleirar på øyane og fastlandet i Hellas. Dråpen i Havet knyter aktivitetane sine til fire programområde; humanitær hjelp, uformell utdanning, integreringsprosjekt og kapasitetsbygging. Formålet med arbeidet er å yte støtte til menneske på flukt og dele informasjon om flyktningar sin situasjon. Dråpen i havet har eit særskilt søkelys på kvinner og born.[3]
Sidan 2015 har over 8000 frivillige delteke i arbeidet til Dråpen i Havet.[2] I tillegg til Hellas har Dråpen i havet arbeidd i Bosnia-Herzegovina, og i Polen i samband med krigen i Ukraina.[4]
Prisar og utmerkingar
endreKjelder
endre- ↑ «Historie», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024
- ↑ 2,0 2,1 «Opportunities», Dråpen i Havet (på engelsk), henta 20. mars 2024
- ↑ «Dråpen I Havet : Innsamlingskontrollen», www.innsamlingskontrollen.no, henta 20. mars 2024
- ↑ «Vårt arbeid», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024
- ↑ Havet, Dråpen i (9. desember 2015), «Norske helter 2015: Prisen for Beste Initiativ til Dråpen i Havet», Dråpen i Havet (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024
- ↑ «Annette A. Thommessens minnefond», NOAS (på norsk bokmål), henta 20. mars 2024