Drøvtygging, jorting eller ørting (av norrønt jórtra) er ein del av ein fordøyingsprosess som skjer i to trinn. Jortinga er ei fintygging hos somme klauvdyr, slik at dei kan utnytte fiber og andre tungt fordøyelege næringsstoff i gras og andre planteartar.

Drøvtyggjande ku.

Dyr som tyggjer drøv, finst i gruppene jortedyr og kameldyr. Andre dyr som har mikrobiell fordøying før magen, er somme kenguruartar og flodhest.