Klauvdyr
Klauvdyr eller partåa hovdyr (Artiodactyla) er store, planteetande pattedyr med eit partal tær dei går på, vanlegvis to. Hovene på desse tærne vert kalla klauvar. Til denne gruppa høyrer rundt 220 artar, mellom anna kveg, svin, hjortedyr og kameldyr. Fleire av dei viktigaste husdyra våre er klauvdyr.
Klauvdyr | |
Mulhjorten er eit klauvdyr i Amerika | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Theria |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Paraxonia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla Owen, 1848 |
Skildring
endreSom andre hovdyr går klauvdyra på tærne; skilnaden er at der dei upartåa hovdyra har èi tå på kvar fot, har klauvdyra to. Desse kjem frå den tredje og den fjerde tåa til den felles forfaren deira, som mest sannsynleg levde tidleg i Eocentida.
Reint morfologisk kan me dela klauvdyra i to grupper. Underordenen Suina består av svin og flodhest og har framleis fire tær i behald. Desse er altetarar med enkel mage, annleis tannsett og kortare bein enn dei andre to underordenane. Underordenane Ruminanta og Tylopoda har lengre bein og meir kompliserte fordøyingsssystem (m.a. tyggjer dei drøv), berre to tær og kraftige tyggetenner. Dette kjem av at dei utvikla seg for å eta gras, som nettopp dukka opp i Eocentida.
Nyare molekylærbiologisk forsking har synt at òg kvalane høyrer heime mellom klauvdyra for at gruppa skal kunne reknast som monofyletisk. Sjølv om det ikkje går an å sjå nokon todeling i ekstremitetane til kvalen, har desse dyra yngre felles stamfedrar med flodhesten enn det flodhesten har med til dømes hjortedyra.
Systematikk
endreMe kan dela klauvdyra i tre underordenar: Ruminantia, som omfattar m.a. kveg, hjortedyr, sauar, geiter, antiloper, moskusfe og sjiraffar, Suina, som omfattar svin, navlesvin og flodhestar, og Tylopoda som omfattar kameldyra.
ARTIODACTYLA
- Underorden Ruminantia
- Infraorden Pecora
- Familie Antilocapridae (gaffelbukk)
- Familie Bovidae (kveg, geiter, sauar, antiloper)
- Familie Cervidae (hjortedyr)
- Familie Giraffidae (sjiraff og okapi)
- Familie Moschidae (moskushjort)
- Infraorden Tragulina
- Familie Tragulidae (dvergmoskusdyr)
- Infraorden Pecora
- Underorden Suina
- Familie Hippopotamidae (flodhestar)
- Familie Suidae (svin)
- Familie Tayassuidae (navlesvin)
- Underorden Tylopoda