Drakestil
(Omdirigert frå Dragestil)
Drakestil er namnet på ein stilart som etterliknar dyreornamentikk frå tidlegare, mellom annan norrøn arkitektur. Han var særleg brukt i internasjonal art nouveau eller jugendstil. Drakestilen vart spesielt mykje brukt i møblar og i arkitektur.
Utrykket til drakestilen er stilisert med lange slanke liner. Dette var ein stil som braut med historismen.
Drakestilen har røter i den norrøne tidsalderen og er inspirert av vikingtida og dei tidlege stavkyrkjene. I Noreg er han mellom anna brukt av Henrik Bull.
Sjå og
endreBakgrunnsstoff
endre- Gunnarsjaa, Arne (1999). «dragestil». Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 194–195. ISBN 8279350071.