Dragon (fransk dragon, ‘soldat med drake som feltteikn’) er opphavleg ein soldat som bevegar seg til slagmarka til hest, men stig av for å slåst.[1] I Noreg skulle ein eller fleire gardar, kalla dragonkvarter eller utrederkvarter, stille ein ryttar med hest og utrusting til kavaleriteneste. Ein dragon var altså ein kavalerist som var utstyrt for å kjempe til fots, som ein infanterist.

Norsk dragonuniform frå 1700-talet med raud våpenkjole med rabattar og mansjettar (justaucorps), bandolær for patrontaske og trikanta hatt i den europeiske militærmoten frå samtida.

Frå 1768 hadde Noreg 4 regiment bygd opp med dragonar: 1., 2. og 3. Søndenfjelske dragonregiment og Nordenfjelske dragonregiment.

Seinare blei dragon brukt om ein soldat i middelstungt kavaleri.

I Noreg i dag er ein dragon ein meinig i kavaleriet.

Dragonar ber ein svart beret.

Kjelder

endre
  Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.