Dragon Age: Inquisition
Dragon Age: Inquisition er eit action-rollespel utvikla av BioWare og utgjeve av Electronic Arts. Det er det tredje houvdspelet i Dragon Age-serien, og oppfylgjaren til Dragon Age: Origins og Dragon Age II. Spelet blei utgjeve i november 2014 til Microsoft Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One.
Dragon Age: Inquisition | |||
Utviklar(ar) | BioWare | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Electronic Arts | ||
Distributør | Microsoft Store, Steam, PlayStation Store | ||
Forfattar | David Gaider | ||
Komponist(ar) | Trevor Morris | ||
Serie | Dragon Age | ||
Spelmotor | Frostbite | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One | ||
Sjanger | Action RPG | ||
Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar (opptil 4 stk.) | ||
Aldersgrense | Mature 17+ | ||
Nettstad | http://www.dragonage.com | ||
Del av serien Dragon Age⠀ | |||
←Dragon Age II⠀ · Dragon Age: The Veilguard→ |
Spelet handlar om hovudkarakteren som blir utvald som «Inquisitor» og prøvar å løyse borgarkrigen i kontinentet Thedas og lukka ein mystisk opning i himmelen kalla «Breach», som slepp laus farlege demonar i verda. «Inquisitor»-en blir sett av nokon som «den utvalde» av di karakteren har eit merke på handa si som gjer han/henne i stand til å lukka «Breach». Spelaren byggjar opp inkvisisjonen i eit forsøk på å stoppa Corypheus, ein gammal «darkspawn», som opna brotet for å erobra Thedas.
Spelestilen i Dragon Age: Inquisition er lik forgjengarane sine og består for det meste av element funne i eit typisk action rollespel. Spelarane kontrollerer den tilpassa karakteren sin, og partnarar han/ho møter. Dei kan overvinna fiendar med sverd og magi, gjera oppdrag, samhandle med ikkje-spelbare figurar, og oppnå framgang gjennom hovudhistoria. Spelarar kontrollerer i hovudsak hovudpersonane sine frå tredjepersonssynsvinkel, men ein tradisjonelt rollespel top-down-kameravinkel er òg tilgjengeleg.
Etter utgjevinga av Dragon Age II blei speleserien sett på av nokon som ein serie med ei «identitetskrise». Som eit resultat av dette ville Bioware skapa eit tredje Dragon Age-spel som kombinerte element frå dei to fyrste. Etter å ha byrja med utviklinga av spelet i 2011, blei det offisielt kunngjort på 2013 Electronic Entertainment Expo. Spelet sine lydspor blei hovudsakleg komponert av Trevor Morris, som erstatta Inon Zur, som komponerte musikken i Dragon Age: Origins og Dragon Age II. Fleire nedlastbare innhaldspakker vart òg utgjeve.
Dragon Age: Inquisition fekk strålande tilbakemeldingar, der kritikarane lovpriste historia, stemmeskodespelet, musikken, det detaljerte miljøet og det engasjerande kampsystemet. Spelet fekk likevell ein del kritikk for av tekniske problem.
Spelet blei tildelt mange utmerkingar og nominert til fleire, inkludert «Game of the Year» og «Best RPG»-prisar.
Spelestil
endreSpelaren kan velja mellom å laga ein menneskje-, dverge-, alve- eller Qunari- karakter. Ein kan velja ein klasse å spela som, krigar, trollmann eller rouge, og etter dette gje karakteren spesielle ferdighetar etter kvart som han/ho kjem opp i nivå. Karakteren kan som Inquistior mellom anna dømma andre sin åtferd og velja om ein skal avretta NPC-ar eller ikkje.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dragon Age: Inquisition» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2016.