Dragovištica eller Dragovishtitsa (serbisk Драговиштица; bulgarsk Драговищица) er ei elv søraust i Serbia og vest i Bulgaria med ei lengd på 63 km. Ho er ei sideelv til Struma.

Dragovištica
Драговищица
elv
Land  Serbia,  Bulgaria  Makedonia
Lengd 63 km
Kjelde Bosilegrad i Serbia
Munning Struma, nord for Kyustendil i Bulgaria
Kart
Dragovištica
42°22′00″N 22°43′00″E / 42.366666666667°N 22.716666666667°E / 42.366666666667; 22.716666666667
Wikimedia Commons: Dragovishtitsa River

Dragovištica starta der elvane Božička reka og Ljubatska reka renn saman ved den vesle byen Bosilegrad søraust i Serbia, 787 meter over havet. Ho munnar ut i Struma nær landsbyane Razhdavitsa og Shipochano i Bulgaria.

Kjelder

endre