Serbisk
Serbisk er eit slavisk språk som vert snakka i Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Det er særleg knytt til serbarar.
Serbisk српски srpski | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Slavisk Sørslavisk Vestleg (Serbokroatisk) | |
Talarar | Serbarar | |
Bruk | ||
Tala i | Serbia, Kosovo, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Romania og Tyrkia | |
Skriftsystem | Det serbiske alfabetet (kyrillisk); det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sr | |
ISO 639-3 | srp | |
Wikipedia på serbisk |
Serbisk vart tidlegare kalla serbokroatisk, serbisk eller kroatisk, og hadde tre uttalevariantar (ekavisk, ijekavisk og ikavisk). Eit døme på dette er «mjølk», som på ekavisk vert «mleko», på ijekavisk «mlijeko» og på ikavisk «mliko». Serbisk og kroatisk er no skild frå kvarandre. Den ekaviske varianten av serbisk er mest nytta i Serbia og delvis i Montenegro, medan den ijekaviske varianten vert snakka i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Kroatia. Kroatisk språk er bygd på ijekavisk (Sentral-Kroatia) og ikavisk (Dalmatia, Istria, Bosnia).
Det serbiske alfabetet nyttar kyrillisk skrift med enkelte spesialbokstavar, medan i Bosnia, Kroatia og Montenegro nyttar ein latinske bokstavar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Serbisk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Funky Serbian - Lær serbiske ord med audio Arkivert 2009-02-13 ved Wayback Machine.
- Serbian Language and Culture Workshop Arkivert 2008-09-15 ved Wayback Machine. Lær serbisk