Dramatikkens hus i bygningen til det tidlegare Det Åpne Teater i gata Tøyenbekken 34 på Grønland i Oslo er ei stifting skipa i 2010 som ein etterfølgjer til Det Åpne Teater.

Dramatikkens hus

Dramatikkens hus, som har tilhald i ein ombygd, gamal mekanisk verkstad, har det nasjonale ansvaret for utvikling av ny norsk dramatikk. Føremålet er å fremje kunstnarskap, bidra til høgare kvalitet på nyskriven norsk dramatikk og arbeide for at tekstane vert produserte og når fram til eit større publikum, og Dramatikkens hus skal vere arena og prøverom for dette fagfeltet. I sceneromma i Dramatikkens hus får dramatikarane konsulentbistand, høve til å diskutere prosjekta og utforske tekstane sine saman med mellom anna profesjonelle regissørar og skodespelarar, og framfor eit publikum. Dramatikkens hus kan bidra med ressursar til profesjonelle kunstnarar i form av økonomiske tilskott, dramaturg-støtte og sceniske ressursar.

Bakgrunnsstoff

endre