Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°54′45.360″N 10°45′47.484″E

Grønland
Gata som har namnet Grønland. Høgblokka som skimtast i bakgrunnen er ei av bustadblokkene på Enerhaugen.

Grønland er eit strok i Oslo, rett aust for sentrum og aust for Akerselva, og dessutan namnet på hovudgata i dette stroket.

Grønland ligg i bydel Gamle Oslo, og grensar til Akerselva i vest, Tøyen i nord, Gamlebyen i aust og søraust, og jarnbanespora inn mot Oslo Sentralstasjon i sør.

På Grønland ligg tunnelbanestasjonen Grønland, ein av stasjonane på fellesstrekninga for tunnelbanelinene gjennom sentrumsområdet i Oslo.

Gata GrønlandEndra

Grønland er hovudgata i stroket, frå området ved Vaterlands bru over Akerselva og fram til ho går over i gata Grønlandsleiret, som tidlegare berre vart kalla Leiret. Dette var i si tid hovudsambandet mellom sjølve Christiania og det området som då vart kalla Oslo av di mellomalderbyen Oslo låg her, no stroket Gamlebyen. Den fyrste Vaterlands bru over Akerselva vart bygd i 1654.

LitteraturEndra