Opna hovudmenyen
Drammen sykehus i 2011

Drammen sykehus i Drammen er det største av dei fire somatiske sjukehusa som høyrer inn under helseføretaket Vestre Viken HF. Sjukehuset, som tidlegare har hatt namna Sykehuset Buskerud og Buskerud sentralsykehus, tek pasientar innanfor nevrologi, barnesjukdomar (både nyfødtintensive og større born), habilitering, øyre-nase-hals, auge, hematologi, patologi, klinisk brystutgreiing, brystkirurgi og karkirurgi.

Drammen sykehus driv dessutan klinisk forsking innanfor fleire fagområde. Forskarane arbeider hovudsakleg på avdelingane som behandlar den sjukdomen forskinga gjeld. Ein liten eigen forskningsadministrasjon bistår prosjekta.

Sentralblokka på sjukehuset i 14 høgder, ferdig i 1980, er lett attkjenneleg i bybiletet.

BakgrunnsstoffEndra