Draumefangar
Draumefangar (ojibwe asabikeshiinh, avleidd frå ordet for 'edderkopp')[1]er ei innretning som stammar frå nokre urfolksgrupper i USA og Canada. Det er ein handlaga vierring som det er vove eit spindelvevaktig nett over. Han kan også vera pynta med heilage gjenstandar, som visse fjører eller perler. Tradisjonelt har ein hatt draumefangarar over vogger eller senger som vern, særleg for spedbarn.[2]
Draumefangarar blei tekne i bruk i den pan-indianske rørsla på 1960- og 1970-talet og blei utbreidde som typiske «urfolksgjenstandar» på 1980-talet.[3] Slike draumefangarar kan ha ulike utformingar og nytta materiale som ikkje ville blitt brukt tradisjonelt blant anishinaabefolk.
Kjelder
endre- ↑ «Free English-Ojibwe dictionary and translator - FREELANG».
- ↑ Densmore, Frances (1929, 1979) Chippewa Customs. Minn. Hist. Soc. Press; s. 113.
- ↑ "During the pan-Indian movement in the 60's and 70's, Ojibway dreamcatchers started to get popular in other Native American tribes, even those in disparate places like the Cherokee, Lakota, and Navajo. ... Most of what you see when you search for 'Native American dreamcatchers' are cheap objects mass-produced in an Asian sweatshop somewhere or glued together by non-native teenagers with eBay accounts, and these 'dreamcatchers' often bear only vague resemblance to the actual American Indian craft it is supposed to represent." "Native American Dream catchers", Native-Languages
- Denne artikkelen bygger på «Dreamcatcher» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2024.