Dreieckhorn
Dreieckhorn er eit 3 811 m moh høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Valais. Fjellet er ein lågare topp i fjellmassivet der Aletschhorn er høgst. Dreickhorn ligg i kring 2,5 kilometer nordaust for Aletschhorn og om lag like langt frå Konkordiaplatz, i sørvestleg retning.
Dreieckhorn | |||
fjell | |||
Dreieckhorn (venstre) og Aletschhorn (høgre), frå Aletschgletscher
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 811 moh. | ||
Koordinatar | 46°28′40.8″N 8°1′11.9″E / 46.478000°N 8.019972°E | ||
Dreieckhorn 46°28′41″N 8°01′12″E / 46.478°N 8.0199722222222°E | |||
Kart som viser Dreieckhorn.
| |||
Wikimedia Commons: Dreieckhorn |
Dreieckhorn ligg på nordaustegga som går ut frå Aletschhorn, fjellskaret Aletschjoch (3614 moh) skil dei to toppane. Ved sida av vestegga til det nemnde skaret strekker seg to fjellryggar frå Dreieckhorn, ein i nordaustleg retning mot Konkordiaplatz og ein mot søraust til Kleinen Dreieckhorn (3639 moh.).
Dreieckhorn vert vanlegvis klatra samstundes med ein klatrar til topps på Aletschhorn. I begge tilfelle er Mittelaletschbiwak (3102 moh.) utgangspunkt for turen, sidan denne ligg knapt to kilometer sør for Dreieckhorn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dreieckhorn» frå Wikipedia på tysk, den 11. oktober 2009.