Aletschhorn er eit fjell på 4192 moh. i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet høyrer med i Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området som UNESCO har teke med på si verdsarvliste. Aletschgletscher ligg ved foten av fjellet.

Aletschhorn
fjell
Aletschhorn frå Konkordiaplatz
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 4 193 moh.
Primærfaktor 1 029 m ↓  mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°27′54.36″N 7°59′37.18″E / 46.4651000°N 7.9936611°E / 46.4651000; 7.9936611
Lettast tilkomst Sørvestryggen
Førstestiging Francis Fox Tuckett
 - dato 18. juni 1859
Kart
Aletschhorn
46°27′55″N 7°59′37″E / 46.465277777778°N 7.9936111111111°E / 46.465277777778; 7.9936111111111
Wikimedia Commons: Aletschhorn

Geografi endre

Aletschhorn er den nest høgste fjelltoppen i Bern-Alpane, Finsteraarhorn er høgare. På nordsida av fjellet ligg Aletschfirn, ein del av Aletschgletscher. I sørvest ligg Ober Aletschgletscher, medan Mittel Aletschgletscher ligg i sør. Begge desse breane er nedbørsfelt til elva Massa, som har sine kjelder i Aletschgletscher og endar opp i elva Rhone. Aletschhorn, som ligg midt inne i breområdet, er mindre kjend enn fjelltoppane Jungfrau og Eiger. Desse ligg kring 10 km lenger nord.

 
Aletschhorn sett frå Jungfraujoch

Klatresoge endre

Aletschhorn vart klatra fyrste gong i 1859 av Francis Fox Tuckett, Johann J. Bennen, V. Tairraz og Peter Bohren. Den 18. juni starta dei bestiginga frå Mittel Aletschgletscher, på sørsida av fjellet. Slik mange andre klatrarar gjorde den tida, tok Tuckett med seg eit barometer og gjorde vitskaplege observasjonar. Han registrerte isande kalde temperaturar og svært sterk vind. Vinden var så kraftig at han truga med å slå klatrarane over ende.

Etter dei hadde nådd toppen, skilde Tuckett lag med Bennen og tok til på nedstiginga i nordveggen saman med Bohren og Tairraz. Han ynskte å gå rett ned i dalen Lötschental. Straks etter dei tok til på nedstiginga, stokk eit snøskred ut under føtene til klatrarane. Dei vende då tilbake og føretok nedstiginga på Mittel Aletschgletscher.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre