Sjakkbrikka dronning
Dronninga er den sterkaste brikka i brettspelet sjakk. Dronninga kan flyttast både som eit tårn og som ein løpar. Ho kan flyttast loddrett, vassrett eller diagonalt på sjakkbrettet så mange felt ein måtte ynskja. Dronninga kan ikkje hoppa over andre brikker.
Den kvite dronninga startar på D1, den svarte på D8. Dronninga startar altså alltid på eit felt med same farge som brikka.
På grunn av den høge verdien til dronninga ventar ein ofte til midt i spelet før dronninga vert teke i bruk. I starten av spelet er dronninga sårbar. Om ei eller begge dronningane fell, er det ofte eit teikn på at spelet går mot slutten.
Dronninga kan koma i spel att om ein bonde når fram til siste felt på andre sida av brettet. Bonden kan då endrast til ei anna type brikke. Oftast vert det vald at bonden skal endrast til ei dronning.