Drury Rock
Drury Rock er ein holme, kring 37 moh, som ligg 500 meter sør-søraust for Shag Island og 11 km nord for Heardøya. Denne klippa, som vart feilaktig plassert på kartet fleire kilometer for langt vest, ser ut til å ha først vorte nedteikna på eit skissekart frå 1860 teikna av kaptein H.C. Chester, ein amerikansk selfangar som opererte i området i denne perioden. Han vart meir nøyaktig kartlagt på eit kart frå 1874 av ein britisk ekspedisjon under George Nares på «Challenger». Holmen vart kartlagt i 1948 av Australian National Antarctic Research Expeditions, som namngav han etter Alan Campbell-Drury, ein radiotelegrafist og fotograf i gruppa.[1][2]
Drury Rock | |||
klippe | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Del av | Heard- og McDonaldøyane | ||
Stad | Heard- og McDonaldøyane | ||
- koordinatar | 52°56′S 73°35′E / 52.933°S 73.583°E | ||
Folketal | 0 | ||
Drury Rock 52°56′00″S 73°35′00″E / 52.9333°S 73.5833°E | |||
Kart som viser Drury Rock.
|
Kjelder
endre- ↑ «Drury Rock». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014.
- ↑ «Drury Rock». Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu. s. 576. Henta 16. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Drury Rock» (innhald frå Geographic Names Information System).