Dubno er ein by ved elva Ikva i Rivne oblast (provins) vest i Ukraina.[1] Han er det administrative senteret i Dubno rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Under den kalde krigen låg Dubno flybase i byen. Byen har kring 36 900 innbyggjarar (est. 2022).

Dubno
ukrainsk Дубно
by
Eit tårn i Dubno festning.
Land  Ukraina
Oblast Rivne oblast
Koordinatar 50°24′N 25°44′E / 50.400°N 25.733°E / 50.400; 25.733
Areal 27 km²
Folketal 39 146  (2012)
Folketettleik 1 450 / km²
Først nemnd 1099
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 35600—35608
Kart
Dubno
50°23′35″N 25°44′06″E / 50.393055555556°N 25.735°E / 50.393055555556; 25.735
Wikimedia Commons: Dubno

Staden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1099. I 1492 blei slottet i Dubno bygd av prins Konstantin Ostrogski på ein odde over Ikva eit kort stykke unna ein eldre rutensk festning. Dubno fekk byrettar i 1498.

Mellom 1932 og 1939 blei slottet bygd opp att i ei tidlegare form, men arbeidet blei stoppa då andre verdskrigen braut ut. I 1937 hadde byen kring 15&mnsp;500 innbyggjarar. Jødar utgjorde kring 45 % av folketalet, ukrainarar 29 % og polakkar 26 %. Nazistane okkuperte Dubno frå 25. juni 1941. Det blei utført fleire massakrar av jødar under okkupasjonen, og ved frigjeringa i 1944 var det berre 300 jødar att i ghettoen som var blitt skapt i byen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Remember Jewish Dubno» (på engelsk). 21. juli 2018.