Dulha Bhatti

Dulla Bhatti eller Dulha Bhatti, også kjend som Abdullah Bhatti (d. 1599) var ein opprørsleiar eller banditt frå Panjab i det dåverande Mogulriket. Han leia eit opprør under stormogul Akbar si regjeringstid.

Dulha Bhatti
Dulla Bhatti (4067802963).jpg
Gravstaden til Dulha Bhatti i Miani Sahib i Lahore.
FødestadSandal Bar
Død1599
DødsstadLahore

Dulha Bhatti levde samtidig med fakiren Shah Hussain, som minna livet hans gjennom lyrikk. Ifølgje sufidiktaren var dei siste orda til Dulha Bhatti: «Ingen ærefull son av Panjab vil nokon gong selja jorda i Panjab.»[1]

SogeEndra

Sogene om Dulha Bhatti voks til etter at han var død.[2] Han skal ha kome frå Pindi Bhattian i Panjab,[3] og tilhøyrd ein muslimsk radjput-familie av lokale høvdingar frå zamindar-, eller landeigar-, klassen. Både faren og bestefaren hans skal ha blitt avretta for å gjera opprør mot eit nytt, sentralisert system for skatteinnkrevjing innført av Akbar. Dulha skal ha blitt fødd fire månader etter at faren døydde.[4]

Akbar sin son, Shaikhu eller Salim (seinare stormogul Jahangir), skal ha blitt fødd same dagen som Dulha. Ifølgje spådommar ville prinsen bli modig og lukkast i framtida om han blei oppfostra av ei radjput-kvinne, og mor til Dulha, Ladhi blei gjeven oppgåva. Dette blir også sett på som eit vis å knyta alliansar med Bhatyi-slekta.[5] For å verna sonen fortalde ikkje Ladhi kva som hadde hend med faren og bestefaren hans, og låste vekk våpena deira. Han fann først ut sanninga etter at ei landsbykvinne hadde spurd han kvifor han ikkje hemna faren og bestefar sin.[2]

Ifølgje overleveringane blei Dulha Bhatti til ein såkalla sosial banditt som gjorde opprør mot mogulstyret. Han blir framstilt som ein Robin Hood-aktig figur som stal frå dei rike og gav til dei fattige.[6][a] Han skal ha redda jenter frå å bli bortførte og gjort til slavar, og i staden arrangert ekteskap for dei og gjeve dei medgift.[8]

Dulha Bhatti skal ha hatt både Akbar og sonen hans i si makt. Ved eit høve skal prins Salimha kome inn i territoriet hans under ei jakt. Bhatti slapp han laus ettersom han ikkje var i konflikt med prinsen, berre far hans. Ved eit anna høve skal Akbar ha vore åleine og blitt fanga av mennene til Dulla Bhatti. Framfor Dulla Bhatti skal Akbar ha kome seg unna ved å lata som om han var narren til stomogulen.

Til slutt blei Dulha Bhatti fanga og drepen av Akbar sine menn. Han blei minna i songar (vaar)[9] og dhadi-framføringar.[10] Under feiringa av lohri har ein også hugsa han som ein helt,[11] og songen «Sundri-Mundri» er blitt sungen til ære for han.[12] I 1973 skreiv Najm Hussein Syed eit skodespel, Takht Lahore, basert på sogene om livet hans.[13]

MerknadarEndra

  1. Social bandit er eit omgrep utvikla av Eric Hobsbawm, definert som «peasant outlaws whom the lord and state regard as criminals, but who remain within peasant society, and are considered by their people as heroes, as champions.»[7]

KjelderEndra

  1. Ayres, Alyssa (2008). «Language, the Nation, and Symbolic Capital: The Case of Punjab». The Journal of Asian Studies 67 (3): 925–6. ISSN 0021-9118. 
  2. 2,0 2,1 Khalid, Haroon (2. mars 2018), «Remembering Dulla Bhatti, the landlord who stood up to the mighty Akbar», DAWN.COM (på engelsk), henta 30. november 2019 
  3. Ahsan 1996, s. 120
  4. Gaur 2008, s. 34, 37
  5. Gaur 2008, s. 35
  6. Gaur 2008, s. 36
  7. Hobsbawm 2010, s. 13.
  8. Purewal 2010, s. 83
  9. Singh 1997, s. 448
  10. Nijhawan 2004, s. 267
  11. Purewal 2010, s. 83
  12. Gaur 2008, s. 37
  13. van Erven 1992, s. 174

Bibliografi