Dusk
Dusk er ei samling trådar, snorer eller liknande som er festa i ein enden, men heng fritt i den andre.[1] Duskar blir ofte brukte til pynt på klede og utstyr.
Ein kan ha duskar på symbolske hovudplagg som studentluer og russeluer.[2][3] Innan jødedommen er duskar eller frynser kalla sisít ein viktig del av klesdrakten.
Ein rund dusk kan ein kalla ein pompong. Slike duskar er vanlege på toppen av toppluer og blir brukt innan cheerleading.
Galleri
endre-
Duskar frå Qing-dynastiet
-
Russisk perledusk
-
Japansk shimenawa, symbolsk band, med duskar.
-
Prinsesse Margaret Theresia av Spania avbilda med fjørdusk i 1667.
-
John Churchill, 1. hertug av Marlborough, i kostyme med duskar, ca. 1705
-
Peruansk strikkelue (chullo) med duskar.
-
Svensk lue med dusk.
-
Norsk studentlue med dusk i 1892.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «dusk» i Nynorskordboka.
- ↑ Kjølseth, Jahn Ivar (16. oktober 2017), «Reinkarnasjon med dusk», underdusken.no (på norsk), henta 5. juni 2022
- ↑ Sande, Allan (2000-10). «The Norwegian “russefeiring”. The use of alcohol as a ritual in the “rite of passage” to adulthood». Nordic Studies on Alcohol and Drugs (på engelsk) 17 (5-6): 340–354. ISSN 1455-0725. doi:10.1177/1455072500017005-603.
- Denne artikkelen bygger på «Tassel» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Oppskrift på å laga duskar ved garnstudio.com