Dverggråurt (Omalotheca supina eller Gnaphalium supinum) er ein art i korgplantefamilien. Urta har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 5 cm høg, og veks i tette tuver med bladrosettar og ugreina kvitfilta stenglar. Gråbrune korger, 5 mm lange. Dverggråurt blomstrar kring juli månad i snøleger. Ho veks i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 2000 m i Jotunheimen.

Dverggråurt
Dverggråurt
Dverggråurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Gnaphalieae
Slekt: Gråurt Gnaphalium
Art: Dverggråurt G. supinum
Vitskapleg namn
Gnaphalium supinum

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.