Biologisk orden

taksonomisk rang

Orden (lat. ordo) er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire skylde familiar, og ein eller fleire nærskylde ordenar kan samanfattast som ein klasse.

Ulike biologiske kategoriar i høve til kvarandre.

Som for andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden. Innanfor systematikken er ein derfor no meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

Vitskapelege namn for planteordenar blir danna ved at rota av namnet på typeslekta får endinga -ales, underordenar har endinga -ineae. I zoologien finst det ikkje tilsvarande reglar, sjølv om mange insektordenar sluttar på -ptera og mange virveldyrordenar-formes.

Kjelder endre