Dyrsfjorden
70°3′58.633″N 19°3′30.719″E / 70.06628694°N 19.05853306°E Dyrsfjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til Ravnhaugen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Dyrsnes i vest og Lynggammen i aust. Grenda Mikkelvik ligg på vestsida av fjorden, elles er det få andre busetnader her.