Ebba Andersson (fødd 10. juli 1997) er ein svensk langrennar frå Delsbo i Gävleborgs län. Ho vann to bronsemedaljar under Ski-VM 2021. Tidlegare var ho med å vinne medaljar i 4 x 5 km stafett med svenske mannskap; sølv i Lahti-VM 2017 og Vinter-OL 2018, samt gull i Ski-VM 2019 i Seefeld in Tirol. Ho fekk sin fyrste verdscupsiger då ho gjekk til topps i det avsluttande motbakkerennet under Tour de ski 2021.

Ebba Andersson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 10. juli 1997 (26 år)
Delsbo församling, Delsbo
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2017, Nordiske greiner under vinter-OL 2018, Ski-VM 2021, Ski-VM 2023

Utmerkingar

Jerringprisen

Kjelder endre