Ebeltoft
Ebeltoft (tidl. Æbeltoft) ligg på Austjylland i Danmark og er hovudby på halvøya Mols. Byen er med 7 528 innbyggjarar (2013)[1] den største byen i Syddjurs kommune.
Ebeltoft | |||
---|---|---|---|
Ebeltoft rådhus | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Midtjylland Syddjurs kommune | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - By (2013) |
7 528 | ||
Koordinatar | 56°11′40″N 10°40′33″E / 56.19444°N 10.67583°E | ||
Høgd over havet | 28 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: Kommunal heimeside |
Filmhøjskolen eller The European Film College blei oppretta i 1993 med status som folkehøgskule.
Fleire gongar dagleg trafikkerer Mols-Linien overfarten til Sjællands Odde med snøggbåtar.
Byen er ein av Danmarks store turistdestinasjonar, mest på grunn av eit fargerikt butikk- og museumsliv (mellom anna Farvergården, Fregatten Jylland og Glasmuseet). I fellesferien blir innbyggjartalet mest dobla grunna massetilstrøyming av turistar. Det er òg mange badestrender i området.
Ebeltoft var tidlegare hovudby i Ebeltoft kommune, men høyrer sidan 2007 til Syddjurs kommune. Byen ligg administrativt under Region Midtjylland.
Kuriosa
endreEbeltoft er den einaste austjyske byen med vestkyst.
Turistattraktioner
endre- Fregatten Jylland
- Ebeltoft Rådhus (1789)
- Glasmuseet Ebeltoft
Kjelder
endre- ↑ Statistikbanken Tabel BEF44 (Vitja 12. februar 2014)