Echus Chasma er ei kløft som skjer seg inn i Lunaeplatået nord for MarinerdalaneMars. Ho utgjer eit av dei største vasskjeldeområda på Mars og var kjelda for vatnet som grov ut Kaseidalane i nord.

Datagenerert perspektivsyn på sørlege Echus Chasma basert på data frå Mars Express

Echus Chasma er kring 100 kilometer lang og 10 kilometer djup. Sletta Echus Palus, fjellkjeda Echus Montes og kaosterrenget Echus Chaos ligg rett nord for Echus Chasma.[1]

Kjelder endre

  1. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-10 Lunae Palus»)