58°55′00″N 11°55′00″E / 58.91667°N 11.91667°E / 58.91667; 11.91667

Ed

Ed er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Dals-Eds kommun i Västra Götalands län i landskapet Dalsland. I 2005 hadde byen 2 942 innbyggjarar.

Ed ligg mellom innsjøane Store Le og Lille Le i det nordvestlege Dalsland. Det er eit kjent turiststed frå byrjinga på 1900-talet, med natur og friluftsliv som viktigaste trekkplaster. På staden ligg «Karl XII-stugan». Tradisjonen seier at kongen overnatta her, men i røynda blei stua bygd først femti år etter Karl XII var død. Det er derimot klart at kongen i sei tid vitja området.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre