Eddie Hinton

amerikansk musikar

Eddie Hinton (15. juni 194428. juli 1995) var ein amerikansk låtskrivar og studiomusikar, mest kjend for å arbeide med soul- og R&B-songarar. Han spelte sologitar for Muscle Shoals Rhythm Section frå 1967 til 1971.

Eddie Hinton
Fødd15. juni 1944
FødestadTuscaloosa
Død28. juli 1995 (51 år)
OpphavUSA
Sjangersoul
Instrumentgitar
Verka sommusikar, låtskrivar, gitarist

Som studiogitarist spelte Hinton på hitsongar med Wilson Pickett, Arthur Conley, Aretha Franklin, Joe Tex, Solomon Burke, Percy Sledge, The Staple Singers, The Dells, Paul Kelly, Johnny Taylor, Elvis Presley, The Box Tops, R.B. Greaves, Boz Scaggs, Evie Sands, Looking Glass, Toots Hibbert og Otis Redding.

Hinton var òg låtskrivar og den mest kjende songen hans er «Breakfast in Bed», som er blitt spelt mange gonger, mellom anna av Dusty Springfield og UB40 i lag med Chrissie Hynde. Han var òg medlåtskrivar på «It's All Wrong, but It's All Right» sungen av Laura Lee.

DiskografiEndra

  • Very Extremely Dangerous (1978) Muscle Shoals Sound Studio
  • Letters From Mississippi (1987) Birdland Recording Studio
  • Cry & Moan (1991) Duck Tape Studio
  • Very Blue Highway (1993) Birdland Recording Studio
  • Hard Luck Guy (1999) Birdland & Duck Tape Recording Studios

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra