Edinburgh Jazz & Blues Festival

Edinburgh Jazz & Blues Festival er ein årleg jazzfestival som blir halden i Edinburgh i juli.

Festivalen byrja i 1978 som eit arrangement for tradisjonell jazz på pubar med gratis inngang, organisert av banjospelaren og gitaristen Mike Hart. Det blei også spelt blues (presentert gjennom ei ekstra blueshelg på Caledonia Brewery). Nokre av dei faste musikarane i byrjinga inkluderte Buddy Tate, Warren Vaché, Black Eagles Jazz Band og Hot Antic Jazz Band. Det blei halde eit opptog i Princes Street og arrangement utandørs i Princes Street Gardens og Grassmarket Gardens. Mardi Gras-feiring med kostyme i Grassmarket og Jazz on a Summers Day i Princes Street Gardens er att av denne feiringa. Festivalen var likevel blitt meir profesjonalisert frå midten av 1980-talet.

Festivalen promoterer lokale musikarar, jam-sessions og har sitt eige Edinburgh Jazz Festival Orchestra med eigne produksjonar. I 2013 framførte til dømes dette ensemblet Sacred Concerts av Duke Ellington.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre