Eduardo Galeano (3. september 194013. april 2015) var ein uruguayansk forfattar, skribent og journalist, fødd og død i Montevideo.

Eduardo Galeano

Eduardo Galeano i 2012
Statsborgarskap Uruguay
Fødd 3. september 1940
Montevideo
Død

13. april 2015 (74 år)
Montevideo

Yrke lyrikar, skribent, journalist, essayist
Ektefelle Helena Villagra
Eduardo Galeano på Commons

Galeano byrja med å teikne karikaturar i ei sosialistisk vekeavis. Seinare var han redaksjonssjef i vekeavisa Marcha og sjefredaktør i dagsavisa Epoca. I 1971 gav han ut sitt mest leste verk; Las venas abiertas de América Latina, på norsk i 1979 Latin-Amerikas åpne årer.

Etter militærkuppet i Uruguay i 1973 gjekk han i eksil i Argentina, men flykta vidare i 1976 då general Videla tok makta der. Galeano slo seg deretter ned i Spania og budde der i ni år. Sidan 1985 budde han atter i Uruguay.

Av Galeano sine romanar har El fútbol a sol y sombra frå 1995 kome på norsk med tittelen Fotball i sol og skygge (1998). Han er likevel mest kjend for sine essay og si historieskriving. Hans mest omfattande verk er trilogien Memoria del fuego (1982–87), dei tre bøkene kom ut på på norsk i 1998-99 under tittelen Ildens erindring.

Kjelder endre