Edvard Fliflet Bræin

norsk komponist

Edvard Fliflet Bræin (23. august 192430. april 1976) var ein norsk komponist frå Kristiansund. Han er særleg kjend for kantaten «Ut mot havet», og for operaen Anne Pedersotter. Musikaren og komponisten Edvard Bræin var far hans.

Edvard Fliflet Bræin
Fødd23. august 1924
FødestadKristiansund kommune
Død30. april 1976 (51 år)
OpphavNoreg
Sjangeropera
Verka somdirigent, komponist
FarEdvard Bræin
BornHans Christian Bræin

Liv og gjerning endre

Bræin studerte ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1942–45, og komposisjon med Bjarne Brustad og dirigering med Odd Grüner-Hegge. Bræin avla organisteksamen i 1943 og debuterte som dirigent i Bergen 1947. Deretter studerte han 1950-51 komposisjon i Paris med Jean Rivier, med stipend frå Norsk Komponistforening. Bræin arbeidde som kor- og orkesterdirigent i heimbyen Kristiansund og i Oslo.

Bræin slo gjennom som komponist med det fargerike orkesterverket Konsertouverture (op. 2, 1948). Med utgangspunkt i eit romantisk tonespråk skapte han ein personleg stil der det melodiske står sentralt, gjerne med trekk frå norske folketonar og kledd i ei kontinental neoklassisk form. Ein lett humoristisk stil går att i mange av komposisjonane hans. Serenade for orkester (op. 5, 1952) og Capriccio for klaver og orkester (op. 9, 1958) er begge døme på det, men tydelegast er komikken i hans siste store verk, operasuksessen Den stundesløse (op. 21, uroppført ved Den Norske Opera hausten 1975) til Hans Kristiansens libretto etter Ludvig Holbergs skodspel.

Større alvor pregar verk som Adagio for strykere (op. 6, 1953) og symfoni nr. 2 (op. 8, 1954) i tre satsar. Her er det musikantiske avløyst av eit episk tonespråk med stor kraft. Slik er det og med hans andre ruvande opera: Anne Pedersdotter (op. 18, uroppført ved Den Norske Opera 1971), også til libretto av Hans Kristiansen.

Bræin skreiv meir enn 20 romansar og ei rekke korsongar, der fleire har vorte folkeeige. Særleg kjent er «Ut mot havet». Han sette tone til fleire av Jakob Sande, Einar Skjæraasen og Johan Herman Wessel sine dikt. Bræin oppnådde å verte ein populær komponist i ordets eigentlege og rette meining. I dag vert han halden for å vere ein av Noregs fremste komponistar i etterkrigstida.

Kjelder endre