Edy Reinalter (24. desember 192019. november 1962) var ein sveitsisk skirennar. Han vann slalåmrennet under OL 1948 i St. Moritz.

Edy Reinalter
Statsborgarskap Sveits
Fødd 24. desember 1920
St. Moritz
Død 19. november 1962 (41 år)
Tschagguns
Idrett alpint
Tok del i alpine skiing at the 1948 Winter Olympics – men's slalom

Reinalter, som var frå St. Moritz, deltok i 1948 i olympiaden som fann stad i heimbyen. Han gjekk heilt til topps i slalåmrennet, der han etter første omgang låg på tredjeplass. Derimot mislukkast han i utfor og kom langt nede på resultatlista.

Reinalter omkom i Schruns i Austerrike 1962, der han var på jakt. Jaktgeværet hans gjekk av medan dreiv og pussa det, han hadde oversett at ein patron var att i geværløpet.

Kjelder

endre