Tschagguns
Tschagguns er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som dekker eit areal på 57,6 km² og har 2 189 ibuarar i 2016, ligg på sørsida av Montafon-dalen, i nærleiken av Bartholomäberg. Om lag 34 % av kommunen er dekt med skog, og like mykje er snaufjell.
Tschagguns er busett frå 650 til 1200 meter over havet. Kyrkjebygda er 685 moh, elles er busetnaden forldet på elleve grender.
Turisme er viktigaste næringa i kommunen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tschagguns» frå Wikipedia på tysk, den 17. april 2016.