Egil A. Egebakken

norsk målar

Egil Arne Egebakken (fødd 18. januar 1943) er ein norsk biletkunstnar.

Egil A. Egebakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1943
Død

28. januar 2024 (81 år)

Yrke kunstmålar

Bakgrunn

endre

Egil A. Egebakken vart fødd i Egersund og flytta til Oslo-området i samband med studie ved UiO, og han arbeidde som lærar ved Solvang ungdomsskole i Asker fram til han vart biletkunstnar på heiltid i 1974. Mens han arbeidde ved ungdomsskolen, var han i 1970-73 elev av målaren Herman Bendixen ved Asker Malerskole, nå kalla Asker Kunstskole. Denne skolen var Egebakken initiativtakar til og dessuten var han administrerande leiar for i nokre år.

Kunsntar

endre

Egebakken har vore aktiv i mange kunstnarorganisasjonar, og leiar i tre av dei. Han var formann i Akershus Bildende Kunstneres Forening, leiar for Akershus Bildende Kunstneres Forening i tre periodar, 1976-1979, 1979-1985 og 1987-1990, og Østlandsutstillingens førsteleiar i 1979.

Han er medlem av Norske Billedkunstere og Landsforeningen Norske Malere, og har vore kunstmeldar for Asker og Bærums Budstikke i ein 10-års periode.

Verka hans er innkjøpte blant anna av Norsk Kulturråd, Oslo kommunes Kunstsamlinger, Kunst på arbeidsplassen, Akershus Fylkeskommune, Asker kommune, Bærum kommune og fleire kunstforeningar. Egebakken utsmykka til dømes cruiseskip, Egersundshallen, Hovseter sykehjem, Landbrukets Hus i Oslo og Kværner i Egersund.

Utstillingar

endre

Egebakken har hatt et 50-tals separatutstillingar, og har deltatt på Statens Kunstutstilling (Høsttstillingen) ni gonger sidan han debuterte der i 1972. Vidare har han gjentatte gonger deltatt på års- og landsdelsutstillingar som UKS Vårutstilling, Sørlandsutstillingen, Vestlandsutstillingen og Østlandsutstillingen.

Han har deltatt i gruppeutstillingar i regi av Akershus Bildende Kunstneres Forening blant anna i Zakopane i Polen og i Oslo Kunstforening, og har hatt fleire separatutstillingar, blant anna i

Unge Kunstneres Samfund i Oslo,
kunstforeningene i Egersund, Haugesund, Stavanger, Elverum, Asker og Klepp,
ulike gallerier som blant anna Galleri O. Olsen i Drammen, Galleri Bi-Z i Kristiansand, Galleri Tyra i Hole og ulike galleri i Bergen,
Kunstnernes Hus i Oslo,
Kunstnerforbundet i Oslo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre