Egon Zimmermann (8. februar 193923. august 2019) var ein austerriksk skirennar frå Lech i Vorarlberg som vart verdsmeister i storslalåm i 1962 og olympisk meister i utfor i 1964.

Egon Zimmermann
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 8. februar 1939
Lech
Død

23. august 2019 (80 år)
Lech

Yrke alpinist

Han må ikkje blandast i hop med den samnemnde alpinisten Egon Zimmermann som deltok i alpin-VM 1958 og Vinter-OL 1960.

Aktiv endre

Zimmermann gjorde reint bord under Holmenkollen Kandahar i Noreg vinteren 1960, med siger i slalåm såvel som storslalåm vann han også kombinasjonen.

Under VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix vann Zimmermann gullmedaljen i storslalåm og bronsemedaljen i utfor. Året etter vann han både utforrennet og kombinasjonen ved Hahnenkamm-renna i Kitzbühel.

I januar 1964 vann Zimmermann to storslalåmrenn i sveitsiske Wengen. Under vinterleikane 1964 i Innsbruck vann han gullmedaljen i utforrennet frå fjellet Patscherkofel. Han høyrde til favorittane også i storslalåm, men der feila han i fyrste omgangen og rende ut or løypa.

Etter å ha vorte alvorleg skadd i ei trafikkulukke hausten 1964, kom han tilbake og vart austerriksk meister i utfor i 1966. Han deltok i utforrenna både i VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile, og i Vinter-OL 1968 i Grenoble. Med høvesvis 12. og 13. plass var han langt unna å vinne ein medalje.

Næring endre

Zimmermann fekk i 1966 bygt eit luksushotell i heimstaden Lech, eit hotell han dreiv i lang tid, trass i at han vart råka av multippel sklerose.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar