Vorarlberg
Geografisk plassering

Forbundsland i Austerrike

Hovudstad Bregenz
Flatevidd

 - Rangering i Austerrike

2 601 km²

8.

Folketal (2013)

 - Rangering i Austerrike
 - Folketettleik

373 058

8.
141/km²

Grunnlagd
Offisielle språk Tysk
Landeshauptmann Markus Wallner (ÖVP)
Nettstad www.vorarlberg.at
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Vorarlberg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Bregenz, arealet er 2 601 km² og folketalet om lag 376 000 (2013). Vorarlberg ligg heilt vest i Austerrike, og har grense til Sveits, Liechtenstein og Tyskland.

Geografi endre

Vorarlberg er skild frå forbundslandet Tirol av Arlbergpasset (1 793 moh), som òg er opphavet til namnet på forbundslandet («bortanfor Arlberg»). Største elvane i Vorarlberg er Rhinen (som dannar grense mot Sveits), Ill, Bregenzer Ach og Dornbirner Ach. Høgste fjelltoppen, Piz Buin, ligg på grensa mot Sveits.

 
Rhindalen ved Bregenz

Forvaltning endre

Vorarlberg er delt opp i fire distrikt (Bezirk) som består av til saman 96 kommunar. Distrikta har namn etter forvaltningsstadene:

Soge endre

Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing etter den første verdskrigen vart det heldt ei folkerøysting i Vorarlberg i 1919, som gav 80 % fleirtal for å søkja opptak i Sveits. Dette vart det likevel ingenting av, dels grunna ei nølande haldning frå sveitsisk side.¨

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.