Hieroglyfar er eit skriftspråk som blei bruka i Egypt. Hieroglyfane består av både fonogram og ideogram som blir bruka om kvarandre.

Leirkrukke med hieroglyfar

Historie og utvikling endre

Hieroglyfane oppstod for omkring 5000 år sidan. Dei blei berre brukt av farao og hans høgaste prestar i Egypt på den tida. Dei fyrste hieroglyfane var kantete og eigna seg til å bli meisla inn i stein. Etter kvart som papyrus blei oppfunne blei hieroglyfane enklare og meir allmenngjorte. Dette resulterte i dei to skrifttypane hieratisk og demotisk. Dei ulike skrifttypane blei bruka til ulike formål og avløyste ikkje kvarandre.

 
Hieroglyfar

Tyding endre

Hieroglyfane var lenge umoglege å tyde for moderne vitskapsmenn. Gjennombrotet i tydinga kom med Rosettasteinen, som blei funnen under Napoleon Bonaparte sitt felttog i Egypt i 1799. I 1822 blei steinen dechiffrert, av franskmannen Jean-François Champollion, og det blei mogleg å lese hieroglyfar frå oldtidas Egypt

Bakgrunnsstoff endre