Egypt

land i Nord-Afrika og Sørvest-Asia
مهورية مصر العربية
Gumhūriyyat Miṣr al-ʿArabiyyah

(norsk: Egypt, egyptisk)

Det egyptiske flagget Det egyptiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Biladi, Biladi, Biladi»
Geografisk plassering av Egypt
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Kairo
Styresett
Republikk
Abdel Fattah el-Sisi
Ibrahim Mahlab
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 001 450 km² (29.)
0,6%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
97 041 072 (15.)
96,9 /km² (93.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
22. februar 1922
Nasjonaldag 23. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
996 000 mill. USD (24.)
11 900 USD (102.)
Valuta Egyptisk pund
Tidssone UTC +2
Telefonkode +20
Toppnivådomene .eg


Egypt (kortform av Den Arabiske Republikken Egypt) er eit land i Afrika, som grensar mot Libya, Sudan, Gazastripa og Israel. I nord har landet kyststripe mot Middelhavet og i aust mot Raudehavet. Sinaihalvøya i nordaust bind Afrika saman med Asia. Mellom Sinaihalvøya og resten av landet ligg Suezkanalen som bind saman Middelhavet og Raudehavet. Resten av landet er dominert av ørken, medan dei fleste egyptarar bur langs med Nilen, som renn gjennom landet frå sør mot nord.

Egypt hadde ein blomstrande sivilisasjon i oldtida, og er kjend for sine enorme pyramidar og andre storslagne monument. Landet blei erobra av arabarane i 639 e.Kr. og blei etter kvart eit sentrum for islamsk lærdom. I 1922 fekk landet delvis sjølvstende frå Storbritannia, som hadde styrt landet sidan 1882. Fyrst etter den andre verdskrigen fekk landet fullt sjølvstende. I dag har landet ein raskt veksande folkesetnad, som er den største i den arabiske verda.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Egyptisk historie.
 
Pyramidane ved Giza.

Den årlege overflauminga av Nilen gjorde at jordbruket i Egypt tidleg produserte eit stort nok overskot til å oppretthalde ein rik sivilisasjon. Eit egyptisk rike blei grunnlagd i 3200 f.Kr av kong Narmer, og ulike dynasti kom til å styre dette området som ei eining i nærare 3000 år framover. Egypt i oldtida var styrt av faraoar, som gjorde krav på å stamme frå gudane. Pyramidane i Egypt stammar frå denne tida, det same gjer dei kjende gravkamra i Konganes Dal der grava til Tut-ankh-Amon blei funne i 1922.

Etter at det siste innfødde egyptiske dynastiet fall for persarane i 343 f.Kr blei Egypt erobra av Aleksander den store like etter. Dronning Kleopatra er kanskje den mest kjende av dei greske herskarane som følgde etter Aleksander si erobring. Seinare var romarane herrar i Egypt, og dei blei avløyste av bysantinarane før arabarane invaderte landet i 639 e.Kr. Egypt var ein del av det islamske kalifatet fram til dei lokale mamelukkane tok over kontrollen i 1250. Dei var formelt underlagde sultanen i Istanbul. Frå å ha hatt eit folketal på om lag 6-7 millionar i romartida gjekk Egypt til å ha om lag 2,5 millionar innbyggjarar då mamelukktida tok slutt i 1798, så dette kan seiast å ha vore ei lang nedgangstid for Egypt.

Egypt si moderne historie byrja i 1798, då Napoleon Bonaparte invaderte landet. Under den franske okkupasjonen kom og mange vitskapsmenn til landet, og interessa for Egypt i oldtida byrja å ta seg opp i Europa, særleg etter funnet av Rosettasteinen som etter kvart gjorde det mogleg å tyde dei gamle egyptiske hieroglyfane. Okkupasjonen varte ikkje lenge, men gjorde at egyptarane blei rivne ut av isolasjonen dei hadde vore i under mamelukkane. Etter fleire år med krig og kaos kom Muhammad Ali ut som herskar i Egypt. Han gjennomførte reformer i styresett, militærvesen og landbruk, monopoliserte handel i landet, freista å innføre industri i Egypt samstundes som han dreiv storstilt ekspansjon i nærområda. Etter at han gjekk til angrep på sin overherre, sultanen, greip dei europeiske stormaktene inn i 1841 og tvinga Egypt til å gje opp ekspansjonen og opne opp marknaden sin for europeiske varar, noko som knekte den gryande egyptiske industrien.

Muhammad Ali døydde i 1849, og etterkommarane hans regjerte i Egypt fram til 1953, men etter kvart hadde dei liten reell makt. Utover 1800-talet hadde Egypt nemleg opparbeida seg ei enorm utanlandsgjeld, og den egyptiske økonomien blei sett under europeisk kontroll. Suezkanalen var blitt ferdig i 1869 og blei raskt strategisk viktig for Storbritannia som livlinja til India. Sikring av denne kommunikasjonslina var ein viktig årsak til at Storbritannia tok militær kontroll over Egypt i 1882. Fram til 1914 var landet framleis nominelt underlagt det osmanske riket, men etter den fyrste verdskrigen blei Egypt eit britisk protektorat, med større grad av sjølvstyre etter 1922.

 
President Gamal abd-al-Nasser saman med Nikita Khrusjtsjov

I 1952 kom det eit militærkupp som førte til at den Egyptiske Republikk blei oppretta i 1953. I 1954 blei general Gamal abd-al-Nasser innsett som president. Han beordra britane ut frå landet i 1956 og nasjonaliserte Suezkanalen, noko som førte til Suezkrisa same året. Nasser blei ein arabisk samlingsfigur etter dette, og den såkalla arabiske nasjonalismen førte til forsøket med den Sameinte Arabiske Republikken saman med Syria og Jemen frå 1958 til 1961.

Forholdet til Israel styrte mykje av utanrikspolitikken frå den jødiske staten blei oppretta i 1948. Under seksdagarskrigen i 1967 tapte Egypt Sinaihalvøya til Israel, og tre år etter dette døydde Nasser, og blei etterfølgd av Anwar al-Sadat. Sadat vridde Egypt si utanrikspolitiske orientering mot USA i staden for mot Sovjetunionen og gjennomførte tiltak for å stoppe både religiøs og sekulær opposisjon. I 1973 gjekk Egypt til eit overraskande åtak på Israel saman med Syria, den såkalla Yom-Kippur-krigen. Det blei ikkje noko militær siger for dei arabiske landa, men USA og Sovjet intervenerte, og det blei ei diplomatisk løysing. I 1977 blei Sadat den første arabiske leiaren til å vitje Israel, og det blei underteikna ein fredsavtale i 1978. Sadat blei myrda i 1981, og etterfølgd av dagens president, Hosni Mubarak.

Stat og styresett endre

Egypt har i teorien eit demokratisk styresett med ei teoretisk deling av den utøvande makta mellom presidenten og statsministeren, men i praksis ligg makta hos presidenten som dei siste femti åra har blitt vald i val med berre ein kandidat. I 2005 blei Hosni Mubarak attvald etter eit val der det var fleire kandidatar. Likevel var det mange praktiske vanskar som gjorde at velkjende opposisjonskandidatar ikkje kunne stille opp. Mange er skeptiske til om denne demokratiseringa har noko substans, men journalistar i Egypt kan i aukande grad kritisere regimet. Opposisjonsparti som det forbodneMuslimske Brorskap vann mange plassar i nasjonalforsamlinga, noko som kanskje signaliserer at endringar er på veg. Nasjonalforsamlinga har 454 medlemmar. Ti av dei er direkte utnemnde av presidenten, som også utnemner visepresidenten, statsministaren og regjeringa.

Lovane i Egypt er baserte på engelsk lov, napoleons lovverk og sharia-lovar.

Økonomi endre

Den egyptiske økonomien er i stor grad basert på jordbruk, eksport av petroleum, turisme samt inntekter frå trafikken gjennom Suezkanalen. Under Nasser var den egyptiske økonomien sterkt sentralisert under eit system han kalla arabisk sosialisme. I dei seinare åra har økonomien blitt liberalisert og opna opp for utanlandsk konkurranse, utan at det har klart å gjere mykje med den aukande fattigdomen i landet.

Religion endre

 
Muhammad Ali-moskeen i Kairo

Religionen i Egypt i oldtida hadde mange gudar som blei dyrka i ulike kulter. Dei mest kjende er solguden Ra, Isis, Osiris, Set og Bast. Dyrkinga av farao som ein levande gud var integrert i den egyptiske religionen. For at sjela skulle få leve vidare i ei anna verd var det naudsynt å balsamere kroppen slik at han blei bevart for ettertida. Den gamle egyptiske religionen var det dominerande trussystemet i Egypt fram til kristendommen gjorde sitt inntog.

Kristendommen kom til Egypt allereie i det første hundreåret etter Kristus, og Alexandria blei eit senter for læring. Origenes, som blir rekna som far til teologien virka her. Koptisk kristendom, som egyptisk kristendom blir kalla, omfattar i dag om lag 10 % av egyptarane, og har overlevd under islamsk dominans i 1400 år.

Arabarar erobra Egypt i 639, og innførte islam, som i dag er religionen til om lag 90 % av det egyptiske folket. Egyptarane er hovudsakleg sunni-muslimar, men det finst også sjiaar og sufiar. Al-Azhar-universitetet i Kairo blei etablert i 950 e.Kr. og er framleis ein av dei viktigaste islamske utdanningsinstitusjonane.

Det finst truleg ein del agnostikarar og ateistar i Egypt, men få tør å seie det offentleg. I tillegg finst ein minoritet med bahaiar og ein endå mindre minoritet med jødar. -10-20% av egyptarane høyrer til den egyptiske ortodokse kyrkja også kalla den koptiske ortodokse kyrkja. - kristendommen kom til Egypt før år 100 e.kr., og landet har framleis ein betydeleg kristen minoritet : den koptisk-ortodokse kyrkje er det største kyrkjesamfunnet i dagens Midtausten, og samlar ca 5-7% av befolkninga. - Kairo er framleis eit religiøst og intellektuelt sentrum i den sunnimuslimske verda, og i dag er det over 90% av befolkninga sunni-muslimar. - I åra 639-641 erobra muslimske arabarar landet, som gradvis blei islamisert og arabisert. - Den ortodokse (greske) kyrkja har eit patriarkat i Alexandria, for øvrig finst små gresk-katolske, katolske og protestantiske kyrkjelydar. - Den gamle religionen var det dominerande trussystemet i Egypt fram til kristendommen kom.

Geografi endre

Administrativt er landet delt inn i 27 guvernement, eller regionar. Dei viktigaste byane er hovudstaden Kairo, Alexandria, Luxor, Port Said, Suez og Sharm el Sheik.

 
Kart over Egypt

Klima endre

Tilpassing er nøkkelordet for livet i Nildalen, der ein har drive med jordbruk i fleire tusen år. Utan kunstig vatning hadde ein ikkje kunne drive med jordbruk i områda rundt Kairo, som berre får om lag 20 mm regn i året. Sør for den nordlege kysten og det tett folkesette område i nordaust, er klimaet ganske einsarta. Frå tidleg i juni til september er det heilt tørt og stort sett klår himmel. Temperaturane når 32 °C så godt som alle stader, bortsett frå den austlege middelhavskysten. Sør for Luxor har ein vanlegvis temperaturar opp mot 40 °C om sommaren. Nettene er òg varme, men rundt Nildeltaet kan ein nordleg bris frå Middelhavet gje litt meir behagelege temperaturar.

På hausten skjer det lite på vêrfronten, men ein har større sannsyn for enkelte torebyer i dei nordlege områda. Regn har ein stort sett berre langs den nordlege kysten, som i Alexandria, og stort sett berre om vinteren. Dette er typisk for middelhavsklima, og Alexandria kan få regn om lag kvar fjerde dag i desember og januar. Lågtrykk i Middelhavet kan derimot stundom føre til regnvêr så langt sør som til Kairo, og i korte periodar kan dei nordlege fjellsidene av Sinaifjellet få litt snø. I dei kjøligare månadane kan Kairo og andre dalstrøk få tåke eller smog.

Når Sahara byrjar å bli oppvarma om våren, kan lågtrykk frå Middelhavet trekke sørover i landet. Dei gjev lite regn, men kan føre til store sandstormar, kalla khamsin. Desse khamsinstormane kan slå til fleire gonger i månaden, og kan føre til temperaturar over 45 °C, medan den relative fukta går under 5 %. Khamsinane som oppstår i februar og mars fører som regel ikkje til så høge temperaturar, men kan bringe med seg enno meir sand.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Egypt