Eigedelar i ein rekneskap er definerte som midlar som eit selskap eig, og blir delt inn i undergruppene omløpsmiddel og anleggsmiddel. Eigedelane i ein rekneskap finst i kontogruppe 1, difor er alle kontoar som byrjar med talet 1, eigedelar. Døme på eigedelar er bankinnskot, kundefordringar, maskiner og eigedom. Eigedelar blir òg kalla aktivum (engelsk: assets).

Døme på kontoar i denne gruppa:

  • 1500 Kundefordringar
  • 1900 Kontantar
  • 1910 Bankinnskot
  • 1950 Skattetrekkskonto

Sjå òg endre

Kjelder endre