Eigil Hesstvedt
Eigil Hesstvedt (fødd 16. september 1920 i Oslo, død 29. april 1979 i Oslo) var ein norsk meteorolog og ein internasjonal pioner innan problem knytte til atmosfærisk kjemi og forureining.
Eigil Hesstvedt | |||
Fødd | 16. september 1920 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. april 1979 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | meteorolog, fektar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Han tok cand.real. innan matematikk i 1947 og dr.philos. i 1961. Han var professor i meteorologi ved Universitetet i Oslo frå 1966. Hesstvedt arbeidde først hovudsakleg med skyfysikk, mellom anna perlemorskyer og nattlysande skyer. Seinare arbeidde han mest med problem knytte til kjemi i atmosfæren og forureining.
Eigil Hesstvedt var formann i Oslo geofysikeres forening 1963–1965 og formann i Den nasjonale komité for geodesi og geofysikk frå 1969. Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1966. Han hadde fleire verv i Verdas meteorologiorganisasjon og International Union of Geodesy and Geophysics.
Hesstvedt vart nordisk meister i fekting med sabel i 1969 og var noregsmeister i fekting i 1959 med florett og i 1964 med sabel.
Utgjevingar (utval)
endre- On the physics of mother pearl clouds, i Geofysiske publikasjoner, nr. 9/1960
- On the photochemistry of ozone in the ozone layer, i Geofysiske publikasjoner, nr. 5/1968
- Long range transport of ozone (saman med Ø. Hov og I. S. A. Isaksen), i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 32, 1977
- Possible increase in total ozone due to anthropogenic release of carbon monoxide and nitrogen oxides near the ground, i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 35, 1978
Kjelder
endre«Eigil_Hesstvedt» i Store norske leksikon, snl.no.