Eilean Mhealasta
Eilean Mhealasta (Mealista Island) er ei folketom øy vest for Lewis i Ytre Hebridane i Skottland. Ho har fått namnet sitt frå Mealista, ein nærliggande landsby på Lewis.
Eilean Mhealasta | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°05′N 7°08′W / 58.08°N 7.13°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 1,24 km²
|
Høgaste punkt | Cnoc Àrd (77 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Historie
endreI Mealista låg helgenskrinet til St. Catan, men det er ikkje kjend om øya sjølv hadde ein busetnad med culdear.
Ein kan framleis sjå ruinar av gamle bygningar. I 1823 vart øya ein del av ein sauegard. Etter den tid har ho ikkje hatt busetnader som ein veit om. Ei segn seier at alle som var fødde på Eilean Mhealasta ville verte evneveike når dei var vaksne. Haswell-Smith meiner at det kan ha vore landeigaren som starta dette ryktet for å få innbyggjarane til å flytte.
I 1785 søkte ein båt frå Mealista med tømmerlast ly frå uvêr heilt sør på øya ved Pairc. Ein høyrde aldri meir til mannskapet og i landsbyen rekna dei med at dei var forsvunne på havet. Sommaren etter på den årlege marknaden i Stornoway vart det seld tepper frå Mealista, og det kom skuldingar om at mannskapet var myrda for tømmerlasta si.[1]
Øya vert framleis nytta som beitemark for sauer.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eilean Mhealasta» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Driftwood and 'The Park Murder'». Lochs Community. Henta 25. februar 2010.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
58°5′N 7°8′W / 58.083°N 7.133°W{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side