Eilean Rìgh er ei øy i Indre Hebridane på vestsida av Skottland. Ho ligg i Loch Craignish, kring 300 m utanfor kysten av Argyll. Namnet er skotsk-gælisk for «Kongeøya», men ein kjenner ikkje til kva konge det er snakk om.

Eilean Rìgh
Geografi
Eilean Rìgh is located in
Eilean Rìgh ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°10′N 5°32′W / 56.16°N 5.54°W / 56.16; -5.54
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,86 km²

Høgaste punkt Dùn Righ (55 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Historie

endre
 
Utsyn sørover frå Eilean Mhic Chrion til Eilean Rìgh

Øya har spor etter to fort frå jernalderen.[1]

I 1930-åra budde Sir Reginald Johnston på øya. Han hadde vore lærar for Puyi, den siste kinesiske keisaren. Johnston moderniserte husa her, bygde eit buddhisttempel og bygde ein hage i kinesisk stil.[1] Øya har vore hos fleire private eigarar sidan den gong.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Overview of Eilean Righ». Gazetteer for Scotland. Henta 14. februar 2010.