Eilert Magnus Hægeland (22. september 195113. februar 2004)[1] var ein norsk komponist og organist fødd i Arendal. Han voks opp på Evje og gjekk på Kristiansand katedralskole (latinlinje) og Norges Musikkhøgskole. Han debuterte som konsertorganist i 1978.

Eilert Hægeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1951
Død

13. februar 2004 (52 år)

Yrke musikar, komponist

Frå 1976 til 1979 arbeidde han ved Nordnorsk Musikkonservatorium. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning. Han var domorganist ved Bodø domkyrkje 1979-1986. Frå 1993 var han rektor ved Åmli Musikk- og Kulturskule, der han var til 2002.

Eilert Hægeland komponerte verk for kor, kammermusikk og for orkester. Han skreiv og fleire bryllupsmarsjar, dei fleste med ei neoklassisk uttrykksform. Etter ei alvorleg ulykke (1994) var han mindre aktiv ei tid, men kom seg og vart sidan organist i Bygland og sentral i landsdelens folkemusikkliv.[2]

Heder endre

Han fekk Aust-Agder fylkes kulturpris 1973.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre