Noregs musikkhøgskole

(Omdirigert frå Norges Musikkhøgskole)

59°55′56″N 10°42′49″E / 59.93222°N 10.71361°E / 59.93222; 10.71361 Noregs musikkhøgskoleMajorstua i Oslo er den høgaste utdanningsinstitusjonen for musikk i Noreg. Institusjonen vart grunnlagd i 1973, men har røter attende til Musikkonservatoriet i Oslo, som vart danna som Organistskolen i Kristiania av Ludvig Mathias Lindeman og Peter Lindeman i 1883.

Noregs musikkhøgskole

Grunnlagt1973
TypeVitskapleg høgskole
StadOslo kommune
Studentar770 (2020)
Tilsette225 (2020)
Org.nummer974761106
Nettstadhttp://www.nmh.no
Kart
Norges musikkhøgskole
59°55′56″N 10°42′49″E / 59.932222°N 10.713611°E / 59.932222; 10.713611

Noregs musikkhøgskole (NMH) har 475 studieplassar, og tilbyr utdanning på bachelor-, master- og PhD-nivå innan utøvande musikk, komposisjon, musikkpedagogikk og musikkterapi. Det er mogleg å studere klassisk musikk, improvisert musikk/jazz og norsk folkemusikk.

I tillegg til musikkutdanning driv NMH med konsertverksemd og forsking. Dei tilbyr òg etterutdanning i mellom Administrasjon og ledelse og Minoritetskulturar i musikkundervisning.

I 2007 innvigde NMH eit nytt undervisningsbygg, 2. hus, i tilknyting til det eksisterande bygget ved Chateau NeufMajorstua.

Bakgrunnsstoff

endre