Eilev Groven Myhren
Eilev Groven Myhren (fødd 16. august 1973) er ein norsk musikkvitar, filolog og omsetjar.
Eilev Groven Myhren | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. august 1973 (51 år) |
Yrke | filolog, omsetjar, korleiar |
Far | Magne Myhren |
Mor | Dagne Groven Myhren |
Myhren har hovudfag i musikk, og har norsk, norrønt og folkeminnevitskap i fagkrinsen. Nynorskomsetjinga hans av verket The Lord of the Rings kom ut i desember 2006. Med tittelen Ringdrotten er omsetjinga særkjenna av aktivt bruk ulike norske talemål og skriftnormalar for å skildra dei ulike folkeslaga i Midgard. Han fekk nynorsk litteraturpris for 2006 for omsetjinga; det er andre gong prisen vert delt ut for eit omsetjingsarbeid.
«Dagens prisvinnar får prisen for sitt arbeid med ei bok som må reknast blant klassikarane i den vestlege litteraturen. Sjølv om verket to gonger tidlegare har vore omsett til bokmål, meiner juryen at denne nye omsetjinga har synt oss nye sider ved verket, både i breidda og i djupna. Dagens prisvinnar, som er debutant som omsetjar, har tatt i bruk eit breitt tilfang av stilar, målnormer og dialektar for å føre verket det er tale om, over til nynorsk.»
Juryen for nynorsk litteraturpris 2006
|
Han har seinare omsett Tolkiens bok Hobbiten til nynorsk, Tiden 2008.
Folkemusikk og kor
endreI Groven Myhrens hovuddoppgåve i musikk: Fons et origo, arven fra europeisk renessanse i norsk folkemusikk og dans, vert den norske springaren og polsen drøfta i lys av tredelte danseformer frå renessansen. Arbeidet med norsk folkemusikk har nedfelt seg i artiklar, mellom anna i Årbok for norsk folkemusikk. Groven Myhren spelar sjølv hardingfele, har spela til dans og delteke på kappleik.
Han har i fleire år verka som kordirigent, laga arrangement og skrive musikk for kor.
Eilev Groven Myhren er son av Magne Myhren og Dagne Groven Myhren, og bror av Øyonn Groven Myhren.