Ein HaMifratz (עֵין הַמִּפְרָץ, tyder Auget til bukta, fordi ein kunne sjå heile bukta frå staden) er ein kibbutz nær Akko nord i Israel. Han ligg ved middelhavskysten, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. In 2009 hadde han eit folketal på 1 131.

Ein HaMifratz
kibbutz
Land  Israel
Region Haifabukta
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°54′9.35″N 35°5′46.67″E
Folketal 1 259 (2021)[1]
Grunnlagd 25. august 1938
 - Grunnlagd av Polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Ein HaMifratz
32°54′9″ N 35°5′47″ E
Wikimedia Commons: Ein HaMifratz

Historie endre

Kibbutz Ein Hamifratz vart grunnlagd i august 1938 av polske immigrantar som ein del av tårn- og palisade-busetjingane under arabaropprøra 1936-1939.[2]

I følgje Jewish National Fund vart Ein Hamifratz kort tid etter han vart grunnlagd, angripen av «arabiske gjengar».[2] Nybyggjarane sleit med saltvassmyrer og flygesand ved munningen av Naamanelva. Nybyggjarane levde opphavleg av ei blanding av jordbruk og fiskeoppdrett.[2] I 1947 hadde kibbutzen eit folketal på 400.[2]

Fram til Akko vart erobra, låg Ein Hamifratz i frontlinja. Nybyggjarane var med på frigjeringa av Galilea i november 1948.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 35–36.