Ein HaNatziv (hebraisk עֵין הַנְּצִי"ב, tyder «Natzivkjelda») er ein kibbutz i Bet She'andalen i Israel. Han ligg kring tre kilometer sør for den eldgamle byen Beit She'an, kring 130 meter under havnivå. Kibbutzen, som høyrer til den religiøse kibbutzrørsla, har eit folketal på 700. Han ligg i Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.

Ein HaNatziv
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot
Koordinatar 32°28′12.71″N 35°30′8.64″E
Folketal 700
Grunnlagd 1946
Tilhøyrsle Kibbutz
Kart
Ein HaNatziv
32°28′13″ N 35°30′9″ E
Wikimedia Commons: Ein HaNatziv
Nettstad: www.hanatziv.org.il/

Historie endre

Namnet kjem frå initialane til rabbien Naftali Zvi Yehuda Berlin som var ein av dei store rabbiane i Russland på slutten av 1800-talet. Kibbutzen vart oppretta 17. januar 1946 på ein stad som tidlegare vart kalla «el Wakwaka», av ei gruppe ungdomar frå Bnei Akiva-rørsla frå Tyskland.

Kjelder endre